Forsvarets historie

Den første forsvarshistorie i Norge finner vi så langt tilbake som vikingtida. Gjennom over tusen år har enorme enderinger skjedd, men felles for hele historien er viljen til å forsvare seg mot en ytre fiende. Vi har valgt å dele historien inn i fire hoveddeler som vi kortfattet har oppsummert her. Hver av disse er ytterligere utdypet under egne hovedsider, med flere artikler og mer informasjon.

Forsvarshistoria – kort fortalt

Den første norske forsvarsorganisasjonen, leidangen, blei oppretta langs kysten på 900-talet, «så langt inn i landet som laksen gjekk» heitte det. Det blei også etablert eit varslingssystem med vardar på fjelltoppane i landet. Bodskapen om ein invaderande fiende tok ei veke frå sør til nord. I tillegg til leidangsutbodet var hirda ein viktig militær maktfaktor. I Noreg var hirda opphavleg den kongelege livvakta, og i mellomalderen fram til 1500-talet var hirda med på å sikre kongen av Noreg eit eigna militærapparat til å hevde rettane sine både innan- og utanlands.

Handelsorganisasjonen Hansaforbundet voks seg sterk i seinmellomalderen, og det blei nødvendig for dei dansk-norske styresmaktene å ha maktmiddel på sjøen for ikkje å la seg dominere heilt av forbundet. I 1510 etablerte styresmaktene derfor ein permanent dansk-norsk orlogsmarine, og under Kristian 4. var flåten blant dei sterkaste i Europa. Medan hæren blei administrert som ei norsk eining, var marinen felles for heile monarkiet

Frå 1500-talet til 1800-talet var Noregs forsvar prega av unionar med nabolanda.

Kristian 4. reorganiserte også landforsvaret. I 1628 oppretta staten ein norsk hær, ein såkalla legdshær, som inneber at utskrivinga var knytt til jordeigedom. Med grunnlag i skattelistene blei jordeigedommane delte i legder, som så stilte soldatar. Personleg verneplikt kom langt seinare. Til saman var over 7000 innrullerte.

Fotfolk og rytteri fra rundt 1800.

I strid med Sverige

Oldenborgmonarkiet (unionen mellom Danmark, Noreg og Slesvig-Holstein) låg i ein nærmast permanent strid med Sverige på denne tida, og det var fire større konfliktar på 1600-talet. Svenskane fekk til slutt medhald i krava sine om nytt land også i Noreg. Store landområde blei overførte frå Noreg til Sverige, og dei geografiske grensene som Noreg og Sverige har i dag, blei stort sett etablerte i løpet av dette hundreåret.

Hæren blei gradvis meir norsk. I 1750 blei krigsskulen, Den frie matematiske skole, oppretta. I 1784 oppretta ein den første underoffisersskulen.

Allianse med Frankrike og Napoelon

1700-talet var ein fredsperiode, trass i rivaliseringa med Sverige. Den dansk-norske marinen blei sterkt utbygd, men var sjeldan utrusta for krig. At marinen var til stades som eit potensielt maktmiddel, var likevel viktig, ikkje minst då revolusjons- og napoleonskrigane braut ut i 1790-åra. I 1807 var britane redde for at flåten skulle hamne på fransk side, og dei gjennomførte eit raid mot Danmark. Raidet enda med at heile flåten anten blei teken med til Storbritannia, eller øydelagd. Danmark-Noreg valde då å gå i allianse med Frankrike og Napoleon, noko som førte til krig både med Storbritannia og Sverige. Felttoget mot Sverige enda heldig for dei norske troppane, men krigen mot Storbritannia blei hard. Britane gjennomførte ein streng handelsblokade, og i Noreg, som var avhengig av matimport, leid folk av svolt og nød

Union med Sverige

Då det endelege oppgjeret med Napoleon kom i 1814, enda det med at Noreg blei overført frå Danmark til ein union med Sverige. Men før dette blei endeleg fullbyrda, hadde krefter i Noreg greidd å utarbeide ei grunnlov på Eidsvoll. Ei eiga grunnlov blei viktig for den seinare unionen med Sverige, fordi Noreg blei rekna som ein eigen stat. Den viktigaste paragrafen i Grunnlova, militært sett, var paragraf 109, som slo fast prinsippet om allmenn verneplikt. Men nesten heile 1800-talet skulle gå før verneplikta var gjeldande for alle norske menn.

Hotchkiss mitraljøse, cirka 1905

Europeisk fred

Etter napoleonskrigane var folk i Europa trøytte av krig. Dette prega også forholda for både hæren og marinen i Noreg, som var små heilt til slutten av hundreåret. Mot slutten av 1800-talet blei begge forsvarsgreinene styrkte, då dei blei trekte inn i den politiske kampen om norsk sjølvstende.

Unionsoppløysinga i 1905 gjekk fredeleg for seg, men trua var stor blant politikarar og folk flest på at trusselen som låg i dei militære styrkane, hadde vore med på å sikre at Noreg blei sjølvstendig.

1900-talet skulle føre med seg to verdskrigar

Nøytralitetsvakter fra 1914

Under den første verdskrigen (1914–1918) greidde Noreg å halde seg nøytralt, sjølv om sympatien låg på britisk side. På sjøen miste Noreg meir enn 3500 sjøfolk, som blei offer for tyske åtak. Etter krigen var verda igjen utmatta av krig, og det kom ein periode med ønskje om nedrusting. Det førte til at løyvingar til militære formål lenge blei haldne på eit minimum.

 

Tyskarane okkuperer Noreg

Faresignala om ein ny krig førte til at ein også i Noreg prøvde å ruste opp, men tida blei for knapp. 9. april 1940 gjekk Tyskland til åtak på Noreg, og etter tidvis intense kampar, særleg rundt Narvik, fekk tyskarane kontroll over heile landet frå juni 1940. Om lag 1100 nordmenn fall i kamp våren 1940. Etter nederlaget blei det bygd opp norske militæravdelingar i Storbritannia, både hær-, sjø- og luftstyrkar.

I alt miste om lag 10 000 menneske livet i kamp på norsk jord under andre verdskrigen, dei fleste under kampane i samband med frigjeringa av delar av Nord-Noreg hausten 1944. I tillegg omkom svært mange sovjetiske og serbiske krigsfangar i tysk fangenskap i Noreg.

Flyveskolen Little Norway ble opprettet i Canada under andre verdenskrig av den norske regjeringen i eksil.

Ein av dei viktigaste konsekvensane for ettertida var at verdskrigen endra det norske synet på nøytralitet. Norske styresmakter innsåg at nøytralitet ikkje var nokon garanti for at ein verdskrig ikkje ville ramme Noreg.

 

Nøytralitet er ingen garanti - Kald krig

Med ny internasjonal spenning seint i 1940-åra blei styresmaktene endå meir bekymra. Etter at forsøka på å få i stand eit nordisk forsvarsforbund hadde stranda, gjekk Noreg inn i Nato i 1949. Satsinga på Nato og erfaringane frå krigen førte til at oppbygginga av eit norsk forsvar fekk brei politisk oppslutning, og det blei løyvd store ressursar. Samstundes fekk Noreg tilskot frå USA og Nato, hovudsakleg i form av våpenhjelp og midlar til infrastruktur. I 1952/53 utgjorde forsvarsbudsjettet 30 prosent av statsbudsjettet og 4,7 prosent av brutto nasjonalprodukt.

Gullalder for verneplikta

Freden i 1945 var byrjinga på ein gullalder for verneplikta i Noreg. Fleire blei tekne inn til førstegongsteneste, den militære grunnutdanninga blei meir omfattande, og det blei regelmessige øvingar for mobiliseringsavdelingane. På det meste var over 350 000 soldatar planlagt brukte i dei militære styrkane. Som ein del av den internasjonale innretninga av Forsvaret, har Noreg heilt sidan 1949 òg vore ein aktiv bidragsytar til FNs fredsbevarande styrkar. Meir enn 40 000 norske kvinner og menn har vore i FN-teneste.

Andre verdskrigen viste at moderne krig får verknader for heile samfunnet, ikkje berre dei som er på slagmarka. Dette la grunnlaget for opprettinga av totalforsvaret. Mobiliseringa gjaldt ikkje berre dei militære styrkane, men også det sivile samfunnet. Frykt for bombing førte til dømes til at det blei førebudd vernetiltak for sivilbefolkninga.

Det amerikanske missilet Honest John hadde en kort opptreden i den norske forsvaret på 1960-tallet.

Medlemskap i Nato

I storleik og ressursar var Forsvaret på sitt største i 1950- og 1960-åra. Natos strategi endra seg i slutten av 1960-åra, og alliansen gjekk frå massiv gjengjelding med bruk av atomvåpen, til fleksibel respons. Kombinert med reduserte tilskot frå USA og Nato førte dette også til endringar for det norske forsvaret. Nordområda fekk større strategisk verdi for stormaktene.
Noregs medlemskap i Nato var meint å skulle verke avskrekkande på Sovjetunionen. Samtidig ønskte ikkje Noreg å provosere kjempa i aust unødvendig, og ein måtte føre ein forsvarspolitikk som verka tillitsvekkjande. Den norske basepolitikken innebar ei erklæring om at Noreg ikkje ville opne militære basar for framande makter på norsk territorium – så lenge Noreg ikkje blei angripe eller utsett for truslar om åtak. Den norske atompolitikken gjekk ut på at norske styresmakter ikkje ville tillate stasjonering av atomvåpen på norsk jord i fredstid.

Ein meir moderne – men mindre – organisasjon

1974 tilrådde forsvarskommisjonen ei rekkje strukturendringar og fornyingar i alle forsvarsgreinene og ein sterk auke av forsvarsbudsjettet. Men det viste seg snart at sjølv med ein viss auke i forsvarsbudsjetta, var det ikkje samsvar mellom mål og midlar. Forsvarskommisjonen av 1990 tilrådde derfor store reduksjonar både i freds- og krigsorganisasjonen. Forsvaret blei mindre, samstundes som en satsa meir på kvalitetsstyrkar med moderne våpen og materiell.

Orlogsdatabasen

Søk etter norske marinefartøy